Vipa – kamp og kurtise i kulturmarka

I salg no

ForsidebildeVipa er ein karakterart for kulturmarka som mange er glad i. Det er ein sosial fugl som viser eit stort spenn i åtferd på sin veg gjennom sesongen for å fram ungane sine. I denne boka ber det ut på vipemarkene. Gjennom foto, åtferdsskildringar, forskingsresultat og anekdotar følger vi vipene på nært hald gjennom hekkesesongen.

– Dette er en lettlest, lærerik, underholdende og morsom bok som er godt skrevet og gir oss et fasinerende innblikk i vipas familieliv og utfordringer. Boka er rikt illustrert med gode og instruktive bilder.
Trygve T. Poppe, Norsk veterinærtidsskrift

– «Vipa – kamp og kurtise i kulturmarka» viser hvordan en unik fugl i norsk fauna fungerer i samspill med omgivelsene. Grønstøls språk er direkte og skildrende. Ofte plasserer han seg selv som observatør i terrenget, noe som gir en opplevelse av å komme tett på vipas liv.
Store deler av boka er engasjerende lesning, tilgjengelig også for amatører.
Også her fungerer bildematerialet godt.
Tom Egil Hverven, Klassekampen

Etter å ha lese boka til Gaute Grønstøl om vipa, får ein straks lyst til å kome seg ut til ein vipelokalitet, tre eit kamuflasjetelt over hovudet, setje seg godt til rette og ha tid nok til å oppleve det mangfaldige, men ikkje heilt bluferdige livet som utspeler seg der ute på vipemarkene, noko som på framifrå vis blir skildra i denne boka!
Kapitla som handlar om hekkebiologi er smekkfulle av interessant stoff frå forskinga hans.
Anders Heien, Fuglar i Vestland

Boka gir eit fascinerande bilete av den spesielle fuglearten som vipa er, og forfattaren syner samspelet som denne fuglen har med natur og omgivnad i dyreverda på ein glimrande måte.
Olaf Almenningen (konsulentfråsegn)

Boka gir en solid innføring i vipas levesett, men i tillegg er teksten vinklet mot bakenforliggende årsaker til observerte mønstre. Dette siste hever boka over det en vanligvis finner i tilsvarende artsmonografier om fugl. Forfatterens grundige innsikt i evolusjonær teori gjør at han har kunnet gi stoffet en popularisert framstilling som ikke setter ekstra krav til faglig bakgrunn hos leseren, samtidig som den faglige presisjonen er beholdt.
Ingvar Byrkjedal (konsulentfråsegn)

Boka er på 124 sider, og eg gir ho ut på eige forlag.
Pris: 350 kroner
Gratis frakt innanlands.

Bestill boka

Under kan du bla i eit utdrag av boka.

Elles, for spesielt interesserte har eg børsta støv av ei lenke til eit NRK-produsert «Ut i naturen»-program vi laga om vipa i 1999.
Spol til bolk 7, 29:25 uti programmet her: Luft og kjærlighet


Gaute Grønstøl (f. 1968) studerte biologi ved Universitetet i Bergen. I 1994 tok han hovudfagseksamen i zoologisk økologi med ei oppgåve om viper. I 2001 disputerte han med ei doktoravhandling på åtferd hos vipe. Frå 2003 til 2006 jobba han på eit forskingsprosjekt på åtferd hos vipe ved Konrad Lorenz Institute of Ethology ved Det austerrikske vitskapsakademiet i Wien. Han har mykje felterfaring frå vipemarker i Bergensregionen, på Jæren og på Öland i Sverige. Han har og arbeidd ved Avdeling for naturhistorie ved Universitetsmuseet i Bergen og er for tida tilsett ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Grønstøl har publisert mange vitskapelege og populærvitskaplege artiklar i bøker og tidsskrift, og ein stor del av desse arbeida handlar om vipa.